Produkt   Antall Pris
  Henter kurv      
Rabatt     - kr
Totalt   - - kr

Finnes homeopatisk medisin til barn?

Hei.
Eg prøvde å finne medisin "Notta" frå Tyskland. Kanskje har du noko som det? Eller har du homeopati medisin for 1 år barn, som er aktiv, og kan ikkje sove? Det står opp kvar time om natta.

Svar:

Eg finn ikkje ved enkle søk noko ved navn notta, heller ikkje som homeopatisk middel.

Ved spørsmål om homeopatimedisin kan me ikkje stille diagnoser og heller ikkje anbefale kva homeopatisk legemiddel som kan nyttast.

Eg vil tru at det finnes homeopatisk medisin for søvnproblem hos barn, men det er ved samtale med barn/foreldre at homeopaten kan finne ut kva middel og styrke (fortynning) som kan nyttast .

Du bør oppsøkje ein homeopat og rådføre deg med homeopaten om søvnproblema og eventuell bruk av homeopatiske legemiddel.

Det kan også vere fornuftig å kontakte helsesyster eller lege for å få gode råd i samband med søvnproblema til barnet. Samtidig kan ein få avklart at det ikkje er sjukdom som er årsak til at barnet er så aktivt og ikkje klarar å sove så lenge om gonga.

 Apotek 1 har ei eiga temaside om søvn. Dei fleste artiklane er om søvnproblem hjå eldre barn og vaksne, men råda om korleis ein legg grunnlaget for ei god natt søvn gjeld også barn.

Håpar det ordnar seg snart.

Spørsmål og svar publisert: Februar 2011